Slik søkjer du om helse og omsorgsteneste

Søknad om helse og omsorgsteneste skal sendast til:
Gloppen kommune, Grandavegen 9, 6823 Sandane, eller leverast Servicetorget på Heradshuset.

Sakshandsamar utgreier saka, vurderer funksjonsevne, behov for tenester og gjennomfører IPLOS registrering (dette er eit informasjonssystem som inneheld nødvendige opplysningar om mottakar av kommunale helse- og omsorgstenester).