Sandane heimeteneste

Sandane heimeteneste er eit av tre heimetenesteområde i Gloppen. Vi yt helse- og omsorgstenester  og praktisk hjelp til alle aldersgrupper etter vedtak.

Vi er eit arbeidsfellesskap av sjukepleiar, vernepleiar, hjelpepleiar, helsefagarbeidar og assistentar, vi har kontorlokale i 2.etasje på Grandane.

Gotatunet er eit bufellesskap med 12 bueiningar.  Dei har alle kombinert stove/kjøkkenkrok, eige bad og soverom. Fellesarealet  vert brukt til å servere middagsmåltida og kaffimåltida for dei som ynskjer å være i eit fellesskap. Fellesarealet vert også brukt til ulike aktiviteter som bygdefolk og frivillige lagar til for bebuarane.

Den enkelte kan søkje husbanken om bustøtte som vert tildelt etter kriterier.

Sandane heimeteneste har bemanning heile døgnet, og kan nåast på vakttelefon 900 14 411

Sandane heimeteneste - Klikk for stort bilete