Kvardagsrehabilitering - meir informasjon

Kvardagsrehabilitering er rehabilitering og førebygging medan pasienten bur i eigen heim.

Det er oppretta eit tverrfaglig team sett saman av ergoterapeut, fysioterapeut, sjukepleiar og heimetrenarar. Dei gjer tverrfagleg kartlegging og vil i lag med pasienten utarbeide mål for rehabiliterings-prosessen. Dei kjem heim til pasienten og hjelper vedkomande med å trene på det som er viktig for å klare seg mest mogleg sjølv i kvardagslivet. For å oppnå dette arbeider ein intensivt i lag med pasienten i rehabiliteringsprosessen i ein avtalt tidsperiode. Evaluering av framgang og justering av mål vil skje undervegs. Pasienten må vere motivert til å gjere en innsats for å gjenvinne det dei tidligare meistra slik at pasienten i størst mogleg grad kan klare seg sjølv i dagleglivet.

Målet er:

  • Pasientane som får tenesta, betrar funksjonsnivået slik at ein kan avslutte kommunal teneste eller redusere denne betraktelig.
  • Å utsetje behovet for ressurskrevjande kommunale tenester.
  • Ein får meir heilhetlige pasientforløp.
  • Pasientane får betre livskvalitet fordi dei vert sjølvstendige og kan bu i eigen heim.

Søknad

Du kan søke på kommunalt søknadsskjema for helse- og omsorgstenester (PDF, 325 kB).

Eventuelle kandidatar skal vurderast av tverrfagleg team, før tildeling av teneste.

Tenesta kvardagsrehabilitering vert tildelt av ei tildelingsnemd. Lengd på tenesta vert vurdert av tverrfagleg team. Maks lengde på tenesta er 3 mnd.


Desse kan vere aktuelle:

  • Vaksne og eldre som har "fall" i funksjon / har nedsett funksjonsevne eller er nye søkjarar til ulike pleie og omsorgstenester.
  • Pasientar som vert utskrivne frå sjukehus og sendt rett heim, der det blir teke kontakt med hjelpeapparatet med behov for heimetenester eller varige hjelpemidler.
  • Pasientar som vert utskrivne frå kommunen si eiga rehabiliteringsavdeling, og treng kvardagsrehabilitering i eigen heim i ein overgangsfase.

Den einskilde må ha motivasjon til å ville gjere noko med eige liv. 

Kvardagsrehabilitering er ikkje ei teneste for:

  • Pasientar som er vurdert av kommunen til å trenge heildøgns omsorg og pleie.
  • Terminalt sjuke pasientar
  • Pasientar med uttalt kognitiv svikt
  • Pasientar som treng rehabilitering i institusjon

Dersom du er intressert, eller har spørsmål. Ta kontakt med einingsleiar i heimetenesta eller servicetorget.