Hyen heimeteneste

Hyen heimeteneste er eit av tre heimetenesteområde i Gloppen.  Vi yt helse- og omsorgstenester  og praktisk hjelp til alle aldersgrupper etter  vedtak.

 

Løkjatunet:

Løkjatunet er eit bufellesskap med 8 bueiningar. Dei har alle kombinert stove/kjøkkenkrok, eige bad og soverom. Romma er umøblerte, så kvar einskilde får sette sitt eige preg på leilegheita.

Løkjatunet har fellesareal som vert brukt til å servere middagsmåltida på for dei som ynskjer å være i eit fellesskap. Fellesarealet vert også brukt til ulike aktiviteter som bygdefolk og frivillige lagar til for bebuarane.

Hyen heimeteneste har bemanning heile døgnet.

På Løkjatunet ligg kontorlokala til heimetenesta. 

Vakttelefon: 950 76 501

Fasttelefon 578 69 865.

Hyen heimeteneste - Klikk for stort bilete