Breim heimeteneste

Breim heimeteneste er eit av tre heimetenesteområde i Gloppen kommune.

Vi er eit arbeidsfellesskap av  sjukepleiarar, helsefagarbeidarar og assistentar og har vårt kontorlokale  i Reedsenter 2 etasje.

 

Vi gjev  helse og omsorgsteneste i heimen og i bufellesskapa  våre. Tenesta er behovsprøvd og skal  tilpassast  individuelt og  i tråd med gjeldande lovverk. Tenesta  rettar seg mot menneske i alle aldersgrupper og vi kan  tilrettelegge  og\eller gje nødvendig helsehjelp og praktisk hjelp til menneske som av ulike årsaker kan ha behov for tenester.

Byrkjelotunet har 10 bueiningar og Retunet har 8 bueininger. Bueiningane har romsleg bad, soverom, stove med kjøkkenkrok og utgang til eigen ute plass. Begge bufellesskapa har felles opphaldsrom og uteområde.

Den enkelte kan søkje husbanken om bustøtte som vert tildelt etter kriterier.

Bufellesskapa er bemanna deler av døgnet og den enkelte bebuar får tildelt tenester på lik linje med dei so m bur i eigen heim. Pårørande si rolle vert den same som for heimebuande.

Viktige telefonar for å nå oss er:

Einingsleiar: 947 90 621

Vakttelefon: 909 72 520 mellom kl.08.00 til kl.22.00

Vakttelefon: 900 14 411 mellom kl.22.00-08.00

Byrkjelotunet: 908 50 287

Retunet: 954 55 092

Breim heimeteneste  - Retunet - Klikk for stort bileteBreim heimeteneste 2 - Retunet (Siv K. Haugen) Siv K. Haugen