BPA - Brukarstyrt personleg assistent

Brukarstyrt personlig assistanse (BPA) er ein måte å organisere praktisk bistand og opplæring på.

BPA er retta mot personar med langvarig og stort behov for personlig assistanse.

Når du har BPA er du eller ein av dine nærstående arbeidsleiar for assistentane dine. Det betyr at du sjølv eller ein av dine nære er ansvarlig for rekruttering og opplæring av assistentane og daglig organisering av dette arbeidet. Timetal per veke vert innvilga av kommunen, men det er arbeidsleiar sitt ansvar å forvalte timane. 

Som arbeidsleiar har du sjølv ansvar for at ordninga fungerer. Du har ansvar for å sette opp planar for når assistentane skal jobbe, og for å følge opp assistentane sin HMS – helse, miljø og sikkerhet. Du skal ta ansvar for at ordninga er forsvarlig, både for dei som er tilsett og for deg sjølv. 

Du har rett til å få assistansen organisert som BPA hvis du har 32 timar assistanse eller meir i veka. Har du mellom 25 og 31 timer i veka, har du rett til å få assistansen organisert som BPA med mindre kommunen kan dokumentere at andre tilbud blir vesentlig rimeligare. Har du ikkje rett til BPA kan kommunen likevel vurdere om BPA er hensiktsmessig for deg. 

Sjølv om du er arbeidsleiar og leier det daglige arbeidet til assistentane dine, må dei ha ein formell arbeidsgjevar. Arbeidsgjevaren kan være kommunen eller eit firma som kommunen har avtale med. Kommunen har etablert ordning med fritt brukarvalg mellom eit utval godkjente leverandørar av BPA. Du kan sjølv velge kva firma som skal være arbeidsgjevar for dine assistentar. 

For tenesta praktisk bistand daglege gjeremål er det egenbetaling. Sjå betalingssatsane her