Kjøkkenet har mat som medisin i si målsetjing. Det vil seie god, tilpassa ernæring gjennom maten. Kjøkkenpersonalet er eit breitt samansett team med god kompetanse for å dekkje brukarane sine behov.
Kjøkkenet har til ei kvar tid to lærlingar, med tilsetting av ein ny lærling kvart år i august/september.
Tildeling av tenester frå kjøkkenet skjer gjennom den kommunale tenesta sine tildelingsrutinar.
Kontakt oss gjerne på vår mail: kjokken@gloppen.kommune.no - denne mailen vert opna/lest av alle kokkane.
Kjøkkenet på Gloppen Omsorgssenter