Aktiv ung

Aktiv ung er ei aktivitetsgruppe for barn og unge som ynskjer å vere meir i fysisk aktivitet, men som kanskje ikkje finn seg til rette i organisert idrett

På aktiv ung- treningane legg vi opp til å prøve ut mange ulike aktivitetar.  Fokus er å ha det kjekt i lag. Treningane foregår i Trivselshagen.

Fysioterapeut i kommunehelsetenesta leiar gruppa. 

Vi trenar kvar fredag frå kl 14.00- 15.00. Oppmøte ved inngangen til trivselshallen.

Døme på aktivitetar: turnhall, basseng, klatring, spinning, salaktivitetar

For meir informasjon, ta kontakt på telefon: 95 84 39 40 (Fysioterapeut)