Presentasjon av tenesta

Gloppen kommune buset flyktningar etter avtale med IMDI (integrerings og mangfaldsdirektoratat). Det er flyktningtenesta som har ansvaret for denne jobben. Flyktningtenesta ligg under NAV Gloppen. 

I Gloppen har vi eit vedtak om å busette 20 personar pr år. Det er IMDI som tildeler kommunane flyktningar etter gitte kriterier.  Du kan lese meir om dette her

Melding om busetting

Vi har løpande kontakt med IMDI frå vi får melding om at det er personar eller familie som er klare for busetting fram til vedkomande kjem til kommunen. Når vi får melding om at det kjem nye flyktningar tek vi kontakt med kommunen sin bustadkonsulent. Han er viktig for flyktningtenesta, sidan han sit i bustadnemnda i kommunen og har oversikt over alle dei kommunale og leigde bustadane vi har til rådighet. Han sørgjer for godkjende kontraktar og ser til at bustaden er i orden.

Helseklarering

Vi sender melding til Gloppen legesenter ved smittevernlege for å få legetime. Alle flyktningar som vert busett i Gloppen vert helseklarert før dei kan starte på skule.

Opplæring

Etter at flyktningane har fått bustad og er helseklarert så kartlegg vi dei i forhold til opplæring. Vi ser då om dei ynskjer utdanningsretta eller arbeidsretta løp. Vi sender inn dokumentasjon dei har med seg frå heimlandet. Dersom dei treng norskopplæring melder vi frå til Gloppen opplæringssenter. Det er dei som leverer opplæring i norsk og samfunnskunnskap. Dei tilbyr og grunnskule for dei som ynskjer og treng dette. Vi samarbeider tett for å gje deltakarane eit fulltids program. Alle mellom 18 og 55 år har rett til introduksjonsprogram dersom dei treng kvalifisering.

I Gloppen har vi eit mål om at den enkelte skal få moglegheit til å jobbe med det dei ynskjer. Arbeidsmarknaden krev meir og meir fagkompetanse og formell utdanning. Vi har derfor satsa mykje på grunnskule og vidaregåande skule.

Flyktningtenesta i Nav Gloppen

Flyktningtenesta rår over alle NAV sine verkemiddel på lik linje med dei andre som jobbar på kontoret med andre brukargrupper. I Gloppen ynskjer vi at alle brukarane skal ha tenester ut frå behov, ikkje etnesitet. Totalt er det 12 tilsette ved kontoret NAV Gloppen, og mange av desse, både statleg og kommunalt tilsette jobbar med personar med flyktningbakgrunn.

Vi har godt samarbeid med Gloppen opplæringssenter, Firda vidaregåande skule, andre kommunale einingar, næringslivet og dei frivillige lag og organisasjonane i kommunen for å kunne gje best mogleg tilbod til flyktningane.

I delegeringsreglementet til kommunen kan ein sjå at det er NAV Gloppen som er ansvarlege for introduksjonsprogrammet

 

Tilsette i flyktningtenesta:

Leiar NAV Gloppen: Lars Berntzen

Fagleiar Ann Iren Festervoll mobil 994 43 982 (40% fagleiar og 60% prosjektleiar for Gloppenmodellen)

Flyktningkonsulent Maria Skog Karbø 

Rådgjevar Lin Therese Solheim mobil 911 85 623

Frå februar 2020 vil vi i tillegg få mes oss ein programrådgjevar i 100% stilling

 

Flyktningtenesta har eiga facebookside, på den måten kan vi lettare nå ut med informasjon om oss og det vi jobbar med.