Introduksjonsprogram

Introduksjonsprogram er ein rett og plikt for nyankomne flyktningar og deira familiegjenforente mellom 18-55 år. Målet er at dei skal lære seg norsk og komme seg raskt ut i arbeid eller utdanning. 

Les meir om Introduksjonsprogram på IMDI si nettside

Kartlegging og individuell plan 

Flyktningtenesta jobbar langsiktig og målretta med deltakarane. Vi ser viktigheten av grundig kartlegging og ein individuell plan som er retningsgjevande. Sjå eigne vedlagte rutinar. 

I Gloppen har vi eit mål om at den enkelte skal få moglegheit til å jobbe med det dei ynskjer. Arbeidsmarknaden krev meir og meir fagkompetanse og formell utdanning. Vi satsar derfor mykje på grunnskule og vidaregåande skule.

Bustadskule/integreringsskule:

I februar 2017 fekk vi styrka bemanninga med ein programrådgjevar i 100% stilling. Vi fekk frigjort ressursar til å drive opplæring på ein betre måte enn vi hadde fått til tildegare.

Brannøving og opplæring i brannvern er døme på viktig og nødvendig opplæring

Klikk for stort bilete Ann Iren Festervoll   
Klikk for stort bilete Ann Iren Festervoll   

Fulltidsprogram

Introduksjonsprogrammet er eit fulltidsprogram. Deltakarane har 5 veker ferie fordelt utover året.

I sommaren 2018 var deltakarane delt i 2 grupper, dette etter språknivå. Dei som har vore i Noreg ei stund og snakka litt norsk var ute i praksis, medan den andre gruppa hadde norskopplæring med Heidi Merete Sægrov, som er programrådgjevar i flyktningtenesta. Kvar tysdag og torsdag framover skal alle deltakarane i programmet ha undervisning i regi av flyktningtenesta.

På bildet under ser vi den gruppa som var på førre time. Vi har foreløpig kalla desse timane for bustadskule, har du eit godt tips til anna namn så gje oss eit vink. Bustadskule er ikkje dekkande.

Programrådgjevaren har utarbeidd eit årshjul som vi underviser ut i frå. Vi gir opplæring i grunnleggande basiskunnskap for å leve, bu og klare seg sjølv. Her er det alt frå kropp og helse, både psykisk og fysisk. Her er det opplæring i søppelsortering, brannvern, forsikring, skatt og lønn osv. Alt vi treng å vite noko om. Vi samarbeider med mange ulike aktørar og mange er innom i desse timane for å ha undervisning innan sitt fagfelt. 

Introduksjonsprogram 2018 - Klikk for stort bileteIntroduksjonsprogram 2018 Ann Iren Ferstervoll