Gloppenmodellen

Les sitatet frå Tom-Øyvind Solheim, Supersjef, Nordfjord Opplæringskontor:

"Gloppenmodellen er ein fantastisk mogelegheit for vaksne og minoritetsspråklege til både integrering og det å få ta utdanning. Det er særs givande og meiningsfullt å få lov å jobbe med kandidatane i Gloppenmodellen. Igjennom eit tett samarbeid mellom partane sikrar ein både samfunnet og den enkelte kandidat naudsynt kompetanse, og igjennom dette gode og meiningsfulle liv for den enkelte der ein aktiv får delta i yrkeslivet. Ei viktig erfaring er at ein tidleg i elev-løpet har eit tett samspel mellom kommunane/lærebedrift, skule, og opplæringskontor både for å planleggje, kvalitetssikre opplæringa, skape forståing, jobbe med samanheng mellom teori og praksis, og sørge for at kandidatane er best mogeleg rusta til både læretid og det å ta fagbrev."

Sjå også artikkel i MeMu:

Kunnskaps- og intereringsministeren meinar fleire bør gjere som Gloppen, og at Gloppenmodellen bør vere sentral når Regjeringa i løpet av 2018 skal kome med ein ny strategi for integrering.