Teori og praksis hand i hand – samarbeid mellom Gloppen opplæringssenter og flyktningtenesta i NAV

Flyktningtenesta tok initiativ til eit samarbeid med Gloppen opplæringssenter for å styrke, og ha eit ekstra fokus på dei som ynskjer eit arbeidsretta løp. 

Vi har over tid sett at det er utfordrande for ein del å lære norsk kun gjennom tavleundervisning, og forsking på feltet syner og at dette fungerer dårleg for mange.

Vi har i all hovudsak brukt kommunale avdelingar i dette opplegget. i tillegg til 2 private bedrifter, for å komme i mål med nok plassar. Vi har i dag 11 elevar som er med, og vi har laga kontraktar og samarbeidsavtale for alle. Vi har som mål at alle skal ha oppfølging på arbeidsplassen kvar veke. 

Vi hadde fleire møter i forkant der vi plukka ut elevane, såg på individuelle planane kva type jobb dei ynskjer seg og vi har gjort kartlegging for å sjå kor kompetansen låg. Elevane vi har plukka ut er deltakarar på introduksjonsprogrammet.. Vi har ei arbeidsfordeling som seier at Flyktningtenesta i NAV skal følgje opp arbeidsgjevar, og den delen som går på arbeidslivet. Gloppen opplæringssenter har ansvar for språkopplæringa.

Måndag er det felles dag på skulen. Elevane har då etterarbeid etter veka som gjekk og forarbeid til veka som kjem, og dei jobbar med ord og uttrykk. Det er Gloppen opplæringssenter som har ansvar denne dagen.Så er det 2 dagar i praksis og 2 dagar på skule. Dei 2 ordinære skuledagane føl dei klassa si i klasserommet. 

Flyktningtenesta har hatt fokus på reglar og normer i arbeidslivet i forkant, og Heidi Merete Sægrov-Øygard har hatt dette som tema på bustadskulen og gått gjennom kva som er viktig og hugse på og vere forstått før oppstart. Kven ringer vi når vi er sjuke, kortid kan vi ta røykepause, kva er vanleg i forhold til kle og sko. Alt må lærast.

Det var nytt for mange avdelingar å ta stilling til å ha med ein ny person i si avdeling. Mange var skeptiske, og fleire sa nei, det passa ikkje. Det er klart det er både spennande og litt skremmande å skulle jobbe ilag med nokon som ikkje snakka same språk som deg sjølv.

Tilbakemeldingane til no har vore positive, både frå bedrift og frå elevane. Vi APPLAUDERA  dei som vart med oss på dette frå oppstarten, og håpa fleire blir med etter kvart. Vi gledar oss til fortsetjinga!