Røykvarslardagen 1. januar

Flyktningtenesta i Gloppen markerte røykvarslar-dagen litt på forskot, sidan 1. desember var på ein laurdag i år. 

Vi er godt igang med den årlege runda med heimebesøk til alle som bur i komunal eigd eller leigd bustad. Dette har vorte ein "juletradisjon" i Gloppen, og er eit samarbeid mellom flyktningtenesta, bustadkonsulenten og heimetenesta.

Vi bytta batteri i røykvarslar og testa at alt virka. Vi sjekkar også brannslokkingsapparat og anna slokkeutstyr. Dette er ein del av oppfølging i bustad.