Høg trivselsfaktor på Familiedagen!

10. februar arrangerte Breimsbygda Skisenter Familiedag på Utvikfjellet. Medarrangør var Gloppen Kommune, Stryn Kommune, Breimsbygda IL, Vikane IL og Utviklingslaga i Breim.

Alle var velkomne - både store og små, med og utan ski! og det var utruleg mange som var på fjellet denne søndagen!

Det var lagt til rette for aking, langrenn, slalåm, sosialt samvær og grilling på bålpanne. 

Rundt 40 av flyktningane frå Gloppen hadde teke turen til fjells denne søndagen, og det såg ut til at alle kosa seg. Det var vinteraktivitet som var i hovedfokus, men dette vart også ein super integreringsarena. 

Det var sett opp buss både frå Sandane og frå Stryn og det var mange som nytta seg av dette tilbodet. 

Takk til arrangørane! - dette var verkeleg moro!

Klikk for stort bilete Ann Iren Festervoll