Helsefagarbeidarar vart feira 22. mai 2018

Det fyrste kullet med helsefagarbeidarar etter Gloppe-modellen på Firda vidaregåande skule er no ferdig utdanna. Alle ni har bestått fagprøve og har fått seg jobb. Absolutt noko å feire!
Gloppe-modellen har fått mykje merksemd landet rundt og - og endå litt lengre enn det!

Ordførar Leidulf Gloppestad sa under feiringa:

"-Det var tøft gjort av Gloppen, Sogn og Fjordane fylkeskommune og NAV å setje i gong dette prosjektet, men jammen er det tøft gjort av desse ni nyutdanna også. Gloppe-modellen syner at med velvilje og motivasjon kan ein setje ny standard for kva som er mogleg å få til."

Vi gratulerer Biniam, Sara, Rute, Elilta, Lamai, Willawan, Jaffer, Eden og Selamawit!

Ni nyutdanna helsefagarbeidarar etter Gloppenmodellen - Klikk for stort bileteNi nyutdanna helsefagarbeidarar etter Gloppenmodellen Inger Haldis Lothe Feira fagbrev med velfortjent kake - Klikk for stort bileteFeira fagbrev med velfortjent kake Inger Haldis Lothe Øyvind Hervik, leiar i NAV Gloppen kan med rette vere stolt over fyrste kull ut! - Klikk for stort bileteØyvind Hervik, leiar i NAV Gloppen kan med rette vere stolt over fyrste kull ut! Inger Haldis Lothe