Gloppenenmodellen er framleis i vinden.

Mange er interessert i å høyre om modellen, korleis den kom istand og korleis den blir drifta i dag. Vi er stolte av elevane som har tatt fagprøve og alle som no er i utdanningsløpet.

Gloppenmodellen er ein utdanningsmodell tufta på Samarbeid. 

Flyktningtenesta reiser rundt på foredraf og fortel om Gloppenmodellen! - Klikk for stort bilete

Denne veka har Øyvind Hervik, leiar NAV Gloppen og Ann Iren Festervoll, fagleiar i flyktningtenesta vore på tur. Vi reiste til Stavanger på onsdag. Der var vi invitert til å holde innlegg for tilsette i KS. Onsdag kveld gjekk turen vidare til Oslo. Torsdag var vi invitert til å holde innlegg for IMDI. Dei arrangerte konferanse for kommuner som har fått midler til å starte opp ulike opplæringstiltak. På begge samlingane opplevde vi at tilhøyrarane var engasjerte og interesserte.