Feiring av ID al-adha

Tysdag 21.august var det ID al-adha. I Gloppen har vi dei siste åra busett mange muslimar og då hadde dei laga til stor fest i Stil stova. Dei inviterte tilsette på Heradshuset og politikarar i Gloppen kommune til å delta på deler av  feiringa. Dei fortalde litt om korleis dei feira og kvifor dei feira

Id al-adha eller Eid al-adha er ei islamsk høgtid til minne om profeten Ibrahims vilje til å ofre sin eigen son Ismail til Allah etter å ha vorte beordra til dette i ein draum (i Jødedomen og kristendomen var Abraham villig til å ofre sonen Isak). På veg til offerstaden prøvde djevelen å overtale Ibrahim til å handle mot Guds vilje, men Ibrahim nekta å motsi Gud. Ide Ibrahim skule ofte sonen vart han stoppa av Gud, som gav han ein sau å ofre i staden. Historia følgjer av Koranen, Sura 37 vers 99-111. 

Vi som deltok frå Nav, Gloppen kommune og politisk valde vart tatt godt imot og fekk servert mat som er nasjonalrettar for dei ulike landa. Det var god stemning og mange trivlege samtaler og lærerike diskusjonar.