Bygdedag i Breim

Laurdag 21.september var det bygdedag i Breim. Heile dagen var fylt av aktivitetar frå ulike lag og organisasjonar.  Det var open gard på fjordhestgarden og open brannstasjon var flytta til same arena. Laurdag kved kl 19.30 var det skipa til bygdefest i Breimshallen. I Breim bur det folk frå 25 nasjonar. Det var pynta med flagg frå dei ulike nasjonane og vi som gjestar kosa oss på eit godt gjennomført arrangement. 

Det var underhaldning frå scena både frå deltakarar frå kulturskulen, vi fekk høyre både fløyte og allsong. Det var dans frå Breim senior dans og eit strålande dansenummer framført av ein gjeng frå Syria og Myanmar. Sigrid Moldestad song og spelte fele og avslutta med eit flott nummer saman med John Oddvar 
 
Rohim frå Myanmar og Bjarte frå Vågsøy hadde samtale frå scena. 2 menn med mykje til felles. Dei er begge tilflyttarar til Breim, engasjert i idrettslaget og elles det som skjer i bygda. Vi fekk høyre litt om kva dei styra med og er engasjert i. 
 
Denne festen må være beste eksempel på integrering i praksis. Vi møttest på tvers av alder, kultur, interesser og bakgrunn. Det var ein sosial kveld som vart avslutta på topp. Ein gjeng ungdommar frå Syria drog i gang dans utanfor hallen og mange heiv seg med i dansen. 

Klikk for stort bileteBygdadag i Breim Ann Iren Festervoll Klikk for stort bileteRohim og Bjarte i samtale frå scena. Som dei presenterte seg, 2 like menn i sin beste alder Sindre Seppola Reed Klikk for stort bileteEin gjeng frå Syria og Myanmar som dansa tradisjonell dans til fengande rytmar Linda Bergheim Eide Klikk for stort bileteSigrid Moldestad saman med gjengen som dansa Ann Iren Festervoll