Prosjektilskot Gloppe-modellen mai2019

Gloppen kommune har motteke kroner 1 100 000 frå IMDI(integrerings- og mangfoldsdirektoratet) i tilskot til prosjekt knytt til "Gloppen-modellen".
Hausten 2013 vart det starta opp eit samarbeidsprosjektet om utdanning som helsefagarbeidar for minoritetsspråklege i Gloppen kommune på Firda Vidaregåande skule. Samarbeidspartane var  NAV Sogn og Fjordane, Sogn og Fjordane fylkeskommune og Gloppen kommune.

10. februar arrangerte Breimsbygda Skisenter Familiedag på Utvikfjellet. Medarrangør var Gloppen Kommune, Stryn Kommune, Breimsbygda IL, Vikane IL og Utviklingslaga i Breim.

Alle var velkomne - både store og små, med og utan ski! og det var utruleg mange som var på fjellet denne søndagen!

Det var lagt til rette for aking, langrenn, slalåm, sosialt samvær og grilling på bålpanne. 

Flyktningtenesta i Gloppen markerte røykvarslar-dagen litt på forskot, sidan 1. desember var på ein laurdag i år. 

Flyktningtenesta tok initiativ til eit samarbeid med Gloppen opplæringssenter for å styrke, og ha eit ekstra fokus på dei som ynskjer eit arbeidsretta løp. 

Vi har over tid sett at det er utfordrande for ein del å lære norsk kun gjennom tavleundervisning, og forsking på feltet syner og at dette fungerer dårleg for mange.

Vegen mot fagbrev_pp

Mange er interessert i å høyre om modellen, korleis den kom istand og korleis den blir drifta i dag. Vi er stolte av elevane som har tatt fagprøve og alle som no er i utdanningsløpet.

Gloppenmodellen er ein utdanningsmodell tufta på Samarbeid. 

 

Tysdag 21.august var det ID al-adha. I Gloppen har vi dei siste åra busett mange muslimar og då hadde dei laga til stor fest i Stil stova. Dei inviterte tilsette på Heradshuset og politikarar i Gloppen kommune til å delta på deler av  feiringa. Dei fortalde litt om korleis dei feira og kvifor dei feira

Kunnskapsministeren og IMDi var på besøk i Gloppen 12. juni 2018. Det er bra og veldig gledeleg at statsråden kjem til oss for å sjå Gloppemodellen i praksis. Viktig også at departementet får sjå og høyre at dette ikkje skjer av seg sjølv. Tett samarbeid og korte avstandar mellom kommunen, fylkeskommunen og NAV er heilt avgjerande. Vi skal også framover arbeide godt i lag for å skape ein god kvardag for dei som hit til Gloppen!
 

Gilgamesh – kongen som nekta å døy av og med Rolf Losnegård. Gloppen folkebibliotek inviterte.

Flyktningtenesta deltok på tur og teater ilag med tilsette og elevar ved Gloppen opplæringssenter. Dette var lagt opp som avslutning før sommarferien. Ein fin tur og ei spennande forteljing om kongen som ikkje ville døy. Det kom litt regn, men steminga var god

Det fyrste kullet med helsefagarbeidarar etter Gloppe-modellen på Firda vidaregåande skule er no ferdig utdanna. Alle ni har bestått fagprøve og har fått seg jobb. Absolutt noko å feire!
Gloppe-modellen har fått mykje merksemd landet rundt og - og endå litt lengre enn det!