Dagaktivitetstilbod for heimebuande personar med demens

Frå 01.01.20 er dagaktivitetstilbod for heimebuande personar med demens, ei lovpålagt oppgåve for kommunane. Tilbodet på Felleshuset har vore i drift sidan april 2019 og er eit samarbeid mellom Gloppen kommune og Gloppen Frivilligsentral.

Ei gruppe på inntil seks deltakarar, ein fagansvarleg og to frivillige møtest kvar torsdag frå kl. 10-14. Felleshuset på Gotatoppen er lett tilgjengeleg, har stor stove, enkelt kjøken og toalett med god tilkomst.
Klikk for stort bileteFelleshuset Bernt Reed   

Kva er føremålet med tilbodet?

  • Gje den einskilde deltakar gode opplevingar og meining i kvardagen 
  • Førebygge angst og depresjon, ivareta ernæringsbehov, oppretthalde fysisk funksjon 
  • Sosialt samvær, tryggleik, trivsel, meistring 
  • Bruke daglegdagse gjeremål og tilrettelegge for den einskilde sine interesser og behov 
  • Avlasting for pårørande

Rammer for dagen 

Vi startar med å ringe til alle deltakarane. Dei vert henta av fagansvarleg med kommunal bil.

På Felleshuset blir deltakarane tekne varmt imot av to frivillige. Her blir det kaffistund med noko å bite i og triveleg prat rundt stovebordet. Utover dagen held vi på med ulike inne– og uteaktivitetar, avhengig av vær og årstid.

Vi rundar av dagen med middag og dessert. Så blir alle køyrde heim ca. kl. 14.

Aktivitetar

Aktivitetane følgjer årstidene og blir lagde opp etter kva den einskilde meistrar og har interesse av.

Døme på uteaktivitetar er turgåing i nærområdet eller andre stader vi reiser til med bil. Vi er også på besøk i barnehage, på gardsbruk, museum og kultur-arrangement. 

Døme på inneaktivitetar er matlaging, borddekking og opprydding, trim til musikk, handarbeid og hobbyaktivitetar, song, spel, avislesing og minnearbeid. 

Kriterium for deltaking

  • Heimebuande personar med demens i tidleg fase (ev. godt fungerande med moderat grad) 
  • Kan i tilstrekkeleg grad bevege seg utandørs 
  • God høyrsle eller godt fungerande med høyreapparat 
  • Kunne ha nytte og glede av sosialt samvære og praktiske aktivitetar

Korleis får ein plass? 

Ein sender søknad til Gloppen kommune som fattar eit enkeltvedtak. Tildeling skjer etter kriteria ovanfor. Den som ønskjer plass, får tilbod om å kome på besøk med nærmaste pårørande slik at ein kan helse på og gjere seg kjend med tilbodet. 

Søk om teneste (PDF, 325 kB)

Vi legg vekt på

  • Personen i sentrum 
  • Sjølvbestemming 
  • Positiv samhandling 
  • Anerkjenning 
  • Respekt
  • Inkludering 
  • Avslappa tempo 
  • Støttande miljø og tryggleik 
  • Meistring 
  • Tilrettelagde fysiske omgjevnader

Pris

Dagspris for tilbod i 2020 er kr. 205,-. Inkluderer mat, transport og diverse utstyr til aktivitetar. Faktura blir sendt ut kvar månad.

Spørsmål?

Ta kontakt med nokon av desse: 
Fagansvarleg, Anna Karin W. Hansen: 97 99 10 34
Gloppen Frivilligsentral: 92 12 05 05
Hukommelsesteamet i Gloppen kommune ved Remi Ramslien: 95 15 76 73 og Randi Reed:    95 93 77 47