Skulehelseteneste i grunnskulen

Skulehelseteneste er ei forlenging av helsestasjonstilbodet og har som mål å fremje barn si psykiske og fysiske helse, gode sosiale og miljømessige tilhøve, samt førebygge sjukdom og skade.

Helsesjukepleiar har ansvaret for skulehelsetenesta. 

Skulelegen Valborg Gimmestad Mardal er medisinsk ansvarleg for skulehelsetenesta, og er å treffe på Gloppen helsestasjon fredag føremiddag. 

Skulehelsetenesta gjev tilbod om

Helseundersøkingar, helseopplysning og rettleiing
Individuelt, i grupper eller klassevis.
- 1- klasse, skulestartundersøking.
- 3. klasse: Livsstil, kosthald, fysisk aktivitet. Vekt og lengde.
- 5. klasse: Kropp og utvikling / Psykologisk førstehjelp
- 6. klasse: Besøk frå senter mot incest og seksuelle overgrep - NOK
- 8. klasse: Helsesamtale med alle elevar.
- 9. klasse: Undervising psykisk helse. Temadag: ungdom og seksualitet
- Eventuelt andre tema etter skulen sine ønskje.

Oppfølging av enkeltelevar
- Målretta oppfølging etter individuelle behov.
- Tilvise vidare til andre samarbeidspartar t.d. fysioterapeut, psykisk helseteneste, PPT, BUP.

Barnevaksinasjonsprogrammet
- 2. klasse: Vaksine mot Difteri, stivkrampe, kikhoste, polio og Hib-infeksjon.
- 6. klasse: Vaksine mot Meslingar, kusma og Raude hundar.
- 7. klasse: Vaksine mot livmorhalskreft (Humant papillomavirus - HPV).
- 10. klasse: Vaksine mot Difteri, stivkrampe, kikhoste, polio og Hib-infeksjon

Tverrfagleg samarbeid kring miljøretta tiltak med fokus på barna sitt arbeidsmiljø.
Tverrfagleg samarbeid kring enkeltelevar med behov.

Slik kan du treffe oss på skulane:

Sandane skule  - måndag, tysdag og annankvar torsdag. Kristin Kandal Ramslien 97 99 10 75

Breim skule - måndagar. Ragne Sofie Skogvold, 47 62 13 61

Nordstranda skule - torsdagar. Ragne Sofie Skogvold, 47 62 13 61

Hyen skule - annankvar torsdag. Kristin Kandal Ramslien 97 99 10 75

Gloppen ungdomsskule - Måndag og fredag. Britt Elin Fjellestad 97 99 10 74

Kontakt

Leiande helsesjukepleiar: Henny Klakegg Børset - telefon 97 99 10 76