Opplevingskortet

Opplevingsskortet er eit tiltak for at barn og unge frå låginntektsfamiliar skal få høve til å delta i ulike aktivitetar og kulturopplevingar

Aktuelle brukarstadar i Gloppen er Trivselshagen bad, Gloppen kino, Gloppen camping, Norsk Country Treff, Sogn og Fjordane Teater, Riksteateret, Gloppen musikkfest  samt Breimsbygda Skisenter.

Vi deler kvart år ut 10-12  kort med ulike gratistilbod til born og unge. Ordninga vert samordna med andre liknande tiltak for barn og unge frå familiar med låg inntekt. 

Har du spørsmål vedkomande kulturtilboda, ta kontakt med fritidsleiar Kjersti Rønningen.
Ønskjer du å få tildelt kort, tak kontakt med Nav Gloppen v/ Ragnhild Sollid.
 

Les meir om kortet her