Samarbeidsmøte med Psykisk helsevern for barn og unge (BUP)

Møte på Grandane kvar 6 veke. Dette er eit møte der leiar for PPT, helsestasjon og barneverntenesta deltek fast. Her kan ein drøfte enkeltsaker og få rettleiing frå BUP. Dei inviterer inn aktuelle samarbeidspartar som sakshandsamarar i sine einingar, barnehage, skule, fysio/ergo, psykisk helse, fastlege ut frå vurderingar i kvar enkelt sak.

Leiar for ein av hjelpetenestene administrerer møta. Dette går på omgang. For tida er dette Hilde Nødset, leiar for PPT. Møteplanen vert sendt ut til leiarane for helsestasjonen, PPT og barneverntenesta halvårsvis. Saker skal meldast inn til møteleiar i god tid. 

Sakene vert som hovudregel drøfta med føresette, evt ungdomen sitt samtykke. Unntaksvis kan ein drøfte saker anonymt. Den som ynskjer rettleiing legg fram saka, og leiar for hjelpetenestene og aktuelle sakshandsamarar deltek i tillegg til psykolog frå BUP. Her kan ein få råd om vegen vidare, evt. om tilvising til BUP eller andre er relevant.

Føresette får tilbakemelding om konklusjonane etter møtet. 

Møteplan våren 2019:

28. februar 2019

28. mars 2019

23. mai 2019