Samarbeidsmøte i enkeltsaker

Eit samarbeidsmøte kring eit barn er eit møte for å drøfte utfordringar eller uro knytt til barnet si utvikling og helse, der ein treng at fleire tenester deltek med sin kompetanse.

Samtykke frå føresette er ein føresetnad for at ulike tenester kan utveksle informasjon om barn og unge.

Stafetthaldar (dvs. den som har identifisert utfordringa) kallar inn til møta etter avtale med føresette. I dei aller fleste høve vil det vere naturleg at føresette og evt. ungdomen deltek på møtet. Unntaksvis har samarbeidspartane møte utan at føresette deltek. Då skal dette avtalast med dei det gjeld på førehand. Føremålet med eit slikt møte vil vere å avklare kva tenester som skal inn i samarbeidet og avklare ansvarsforhold.

Husk at også vaksentenestene, dvs. fastlege, psykisk helsevern og NAV kan vere aktuelle samarbeidspartar i situasjonar der foreldra si helse eller livssituasjon påverkar oppvekstvilkåra til barnet. Desse tenestene kan også på si side ta initiativ til møte med tenester som har ansvar for barnet sin kvardag.