Konsultasjonsteam for sped og småbarn i risiko

Konsultasasjonsteamet er eit samarbeid mellom Helse Førde v/BUP i Sogn og Fjordane og Bufetat, og gjeld for aldersgruppa 0-6 år. 

Tilbodet skal vere: 

  • Eit lågterskeltilbod for fagpersonar og etatar som arbeider med gravide, småbarnsforeldre og barn 
  • Eit førebyggjande tiltak med siktemål å oppnå raskare og betre koordinering av tiltak med god fagleg kvalitet 
  • Saker kan drøftast både anonymt og med namn 
  • Teamet har møte etter fast møteplan for kvart halvår. 
  • Møtetid på kvar sak er avgrensa til 1,5 t. Høve til å ta saka opp til ny drøfting
  • Tilmelding/registrering av sak til Barne-, ungdoms- og familieetaten, Eining for inntak Sogn og Fjordane
  • Det vert skrive referat frå alle møte/saker. Referat vert sendt tilvisar 
  • Det vert nytta registreringsskjema for risiko- og resiliensfaktorar, samt tilhøve ved barnet.

Møteplan 2. halvår 2019: 

Onsdag 21. august
Onsdag 4. september
Onsdag 18. september
Onsdag 2. oktober
Onsdag 6. oktober
Onsdag 30. oktober
Onsdag 13. november
Onsdag 27. november
Onsdag 11. desember

For kvar møtedato gjeld følgande: Møte kl 10.30 og kl 12.30. Møtestad: Førde, Bufetat sine lokale i Storehagen 1B. 2. etasje, Møterom Slåtten

Målsetjing:

  • Medverke til auka fokus og kompetanse på å fange opp, kartlegge og setje inn tiltak i høve graviditet, og tidlege samspel- og utviklingsvanskar hos små barn. 
  • Medverke til samordning av tenester for små barn. 
  • Eit forum der fagpersonar som møte og arbeider med gravide og barn i alderen 0-6 år, skal kunne drøfte bekymring og/eller barn si utvikling, fungering og/eller omsorgssituasjon. 
  • Vere eit lågterskeltilbod. 
  • Eit team med brei kompetanse som skal kunne bistå med rådgjeving om vidare arbeid i saker, og om eventuelle tiltak frå ulike hjelpetenester. 
  • Gjennomføre ei open og brei fagleg tilnærming til sakene

Døme på saker:

  • Der instans er usikker på korleis ein best kan hjelpe den gravide kvinna/paret
  • Der ein er bekymra for barnet/borna si utvikling, samspel og/eller omsorgssituasjon
  • Der ein er usikker på eigne observasjonar og vurdering, rolle og ansvar, på val av framgangsmåte og tiltak, og kva andre etatar kan bistå med 
  • Problemstillingane kan vere psykologiske, sosiale, juridiske, praktiske m.m.

Brukarar av tilbodet:

Barnevern, helsestasjon, kommunal psykiatriteneste, kommunelege, NAV, barnehage, Pedagogisk psykologisk teneste, barneavdeling, fødeavdeling, vaksenpsykiatri/rus, habilitering, familievern, BUP m.m. 

Melde opp sak: 

For å melde opp sak til konsultasjon, samt evt. spørsmål til ovannemnde informasjon og 
orientering, ta kontakt med Bufetat v/Odd Arne Steen tlf. 46619127.