Ansvarsgruppemøte

For barn som treng støtte frå fleire tenester over tid vert det etablert ansvarsgruppe. Her deltek føresette og barnehag / skule samt involverte hjelpetenester representerte ved sakshandsamar

Ved behov for samansette koordinerte tenester over tid skal barnet få tildelt ein personleg koordinator som hjelper barnet og føresette å leie det tverrfaglege samarbeidet. Barnet har også rett på ein Individuell plan der ein skapar oversikt over ressursar, behov, tiltak og ansvarsfordeling.

Det tverrfaglege samarbeidet skal dokumenterast i det digitale samhandlingsverktøyet «Sampro IP».

Personleg koordinator har ansvar for å opprette dette digitale samhandlingsverktøyet som skal sikre dokumentasjon av samhandlinga, samt lette kommunikasjonen mellom dei involverte i ansvarsgruppa.

Føresette avgjer kven som skal vere deltakarar i ansvarsgruppa. Sjå rutiner for dette arbeidet.

Koordinerande eining og Individuell plan

Retningslinjer for koordinerande eining

Informasjon om ordningane