Her er ei oversikt over dei møta som blir arrangert mellom ulike fagpersonar i Gloppen kommune.
Denne oversikta skal vere til hjelp for tilsette i Gloppen kommune, samt føresette og ungdomen sjølv til å sjå kvar det er muleg å få drøfta problemstillingar kring barn og unge ein er uroa for. Terskelen for samhandling skal vere låg, og i enkeltsaker er føresette sitt informerte samtykke hovudregelen.
Når ungdomen er over 16 år skal vedkomande sjølv også samtykke til samhandling.
1. Tverrfaglege samhandlingsarenaer kring enkeltbarn/ungdomar/familiar
Samarbeidsmøte i enkeltsaker
Tverrfagleg team
Ansvarsgruppemøte
Samarbeidsmøte med Psykisk helsevern for barn og unge (BUP)
Konsultasjonsteam for sped og småbarn i risiko
Overføringsmøte mellom barnehage og skular
Beredskapsteam mot mobbing
Psykososialt kriseteam
Vedtaksnemnda
2. Systemmøte
Systemmøte er fora der dei ulike tenestene drøftar tema kring organisering av tenestene, generell ansvarsfordeling og samanhengar
Leiar møte i oppvekstetaten (1 gong i mnd.)
Leia av oppvekstsjefen.
Desse deltek: leiar for helsestasjon, PPT, barnevern, styrarane i kommunale barnehagar, rektorane.
Tema: Utvikling, samarbeid og planarbeid i oppvekststetaten.
Leiarmøte for barnehagar / styrarsamlingar
Leia av oppvekstsjefen.
Styrarane for alle barnehagane i Gloppen deltek. Andre tenester vert inviterte ut frå tema / saksområde.
Tema: Utvikling, samarbeid og planarbeid i barnehagesektoren.
Leiarmøte for skulane / rektorsamlingar
Leia av oppvekstsjefen.
Rektorane for alle skulane i Gloppen deltek. Andre tenester vert inviterte ut frå tema / saksområde.
Tema: Utvikling, samarbeid og planarbeid i skulane.
Leiarmøte på Grandane
Leia av oppvekstsjefen.
Leiarane for helsestasjon, PPT, barnevern deltek.
Tema: Utvikling, samarbeid og planarbeid