Kva kan ei bekymring vere?

Mange av oss, anten vi er foreldre, naboar, vener eller kanskje vi jobbar med barn og unge, kjem i løpet av livet opp i situasjonar der vi ser eller høyrer noko som får oss til å kjenna ei uro for eit barn eller ein ungdom i nærmiljøet.

Kanskje har vi registrert slikt som at barnet/ungdomen

  • strir med lesinga og skrivinga
  • mistrivst på skulen eller i barnehagen
  • slit med å få vener
  • vegrar seg for å ete
  • gjer seg dårleg forstått
  • har eit spesielt usunt kosthald
  • mobbar eller plagar andre
  • manglar nokre ferdigheiter som ein normalt kan forventa i ein gitt alder (t. d. symje, sykle, kle seg)

Eller kanskje vi ser og opplever signal frå foreldra som gjer oss urolege for evna deira til å vera foreldre? Det kan vera at dei:

  • i stor grad let andre hente og levere i barnehagen
  • ikkje overheld avtalar
  • ofte luktar alkohol
  • verkar likegyldige til eiga framtoning
  • vert opplevde som særskilt usikre, irritable eller sårbare 

Du er første steg mot ei løysing

Som du ser, kan signala som gjer oss urolege vere høgst ulike, vage, diffuse og vanskelege å tyde.  Då er det lett å kjenna på eiga uvisse: Har eg observert rett? Kan eg risikere å laga «ei sak» ut av ein bagatell? Bør eg dela uroa mi med andre?

Svaret på det siste spørsmålet er JA.

Som medmenneske skal vi bry oss og ta tak i denne uroa, og dei av oss som er kommunalt tilsette pliktar dessutan å gjera det. Vi skal ikkje avvente eller setje vår lit til at andre fangar opp dei same signala som oss. Kanskje er det berre nettopp du som ser barnet/ungdomen! 

Gode hjelpemiddel 

BTI – handlingsrettleiar inneheld både ei oppskrift på korleis vi skal gå fram for å avklare om det er grunnlag for uroa vi kjenner, samt ei rekke konkrete verktøy. Både framgangsmåten og dei tilhøyrande verktøya er primært tiltenkt bruk i kommunale tenester, men også privatpersonar kan ha nytte av dei. Til dømes kan Bekymringskala-barn og unge, Bekymringskala føresette, Signal hos barn og unge på mogeleg manglande trivsel vere til hjelp. Dersom det er mistanke om vald eller overgrep skal ein kontakte barneverntenesta direkte.

Barn som pårørande

Familielivet består av store og små hendingar som kan gjera barn til pårørande på ulike måtar. Somme barn opplever at det skjer noko akutt med mamma, pappa eller søsken – ein eller fleire gonger i løpet av oppveksten. For andre er det å vere pårørande ein del av kvardagen.

Det er vanlegast å tenka på barn som pårørande når foreldre eller søsken er sjuke, som følgje av psykisk sjukdom, fysisk sjukdom eller ein skade. Men, det finst også mange andre årsaker til at barn opplever at kvardagen vert vanskeleg og at dei kan kallast pårørande. Det er til dømes mange barn i Noreg som opplever at foreldre misbrukar alkohol eller andre rusmiddel. Barn er også pårørande når nokon av dei næraste dør. Andre barn opplever belastningar i kvardagen ved samlivsbrot, eller når foreldra er fattige. Fleire barn enn vi trur opplever også å vere vitne til vald i familien. Somme har også en forelder som sit i fengsel.​​​

Dei fleste barn som er pårørande vert godt ivaretekne og klarar seg bra. Likevel er det somme som kan utvikle eigne problem. Dette er problem som kan melde seg i oppveksten, eller dei kan bli synlege når barna vert vaksne. Det å vere pårørande kan medverke til at barn opplever angst, depresjonar, åtferdsvanskar, konsentrasjonsvanskar eller fråfall frå skule og utdanning.

Ingen kan sikkert seie at eit barn vil utvikle eigne problem, men vi veit at det å vere pårørande kan føra til vanskar. Vi veit også at dersom barn vert utsette for fleire belastningar samtidig, så aukar det sannsynet for at barnet utviklar eigne problem.

Det er ikkje alltid like enkelt å vite om eins eige barn er pårørande. Alle er vi ulike, og alle barn og familiar er unike. Desse tre spørsmåla kan kanskje hjelpa deg med å finna ut av om dine barn kan reknast som pårørande: 

  1. Kva relasjon har barnet til den det gjeld? Gjeld det nær eller fjern familie? Har de mykje kontakt? Gjeld det nokon som betyr mykje for barnet? 
  2. Korleis er barnet påverka av det som skjer? Har barnet sett eller opplevd noko? Vert dei vanlege rutinane endra? Har kvardagen endra seg? 
  3. Kva belastningar er barnet utsett for? Har barnet opplevd noko du trur kan vera vanskeleg? Har barnet vist reaksjonar du trur handlar om å vera pårørande?

Dersom det er vanskeleg å svara på spørsmåla, kan det være nyttig å tenka på kva barnet sjølv ville svart. Nokre gonger får du først svar når du spør barnet.

Les meir om barn som pårørande på:

Helsenorge.no

Pårørendesenteret

Veiledningssenter for pårørande

Korleis gå frå bekymring til handling: