BTI-nytt Februar 2019

Hei til alle som kvar dag arbeider for at barn og ungdom i Gloppen skal ha gode oppvekstvilkår.
Håpar de ser på «Betre Tverrfagle Innsats» (BTI) som eit nyttig hjelpemiddel dersom de er urolege for eit barn si helse og utvikling.

Kom gjerne med innspel som kan gjere materialet endå betre.
 

Dette er nytt i februar 2019

To nye tiltak er tilgjengelege:

  • Kommunepsykolog 
  • Foreldrerettleiingsprogrammet International Child Development Program (ICDP).


Stafettlogg? 

Styringsgruppa og prosjektgruppa har endå ikkje teke stilling om å gå til innkjøp av elektronisk stafettlogg. Oppmodar difor om at vi brukar «mal for samarbeidsmøte» eller «Stafettlogg i papirform» når vi har samarbeidsmøter med foreldre, og evt andre tenester. Desse malane vil hjelpe oss til å ha fokus på tiltak, ansvar og evaluering. Vel den du likar best.  

Samarbeidsmøte med Psykisk helsevern for barn og unge (BUP) 

Møteplan for våren 2019 er lagt ut

Betre tidleg innsats BTI - Klikk for stort bilete