Betre tverrfaglig innsats (BTI)

Betre tverrfagleg Innstats – BTI – er ein samhandlingsmodell som skildrar den samanhengande innsatsen i og mellom tenestene retta mot barn, unge og familiar som ein er uroa for. I modellen ligg det handlingsrettleiarar og verktøy for tidleg identifisering og samhandling.

 

BTI modellen har tre hovudmål:Betre tidleg innsats BTI - Klikk for stort bilete

  • Tidleg innsats
  • Samordna tenester utan oppfølgingsbrot
  • Tidleg foreldreinvolvering

I BTI brukar vi omgrepet «Stafetthaldar» (Den svarte puslespelbrikka i samhandlingsmodellen) Dette er den tenesteytaren som identifiserer uro kring eit barn, ungdom eller familie. Denne er ansvarleg for å dokumentere sine observasjonar, involvere foreldre, og tilby tiltak tilpassa den enkelte familie sin situasjon.

Stafetthaldar skal «halde i stafettpinnen» dvs. sikre oppfølging i saka heilt til den overlet «stafettpinnen» (koordineringsansvaret) til ein annan navngjeven person