Barneverntenesta skal sikre at barn og unge som lever under forhold som kan skade helsa og utviklinga deira får naudsynt hjelp, omsorg og trygge oppvekstvilkår.
Barneverntenesta gir tenester til familie med barn og unge frå 0 til 18 år. Ved samtykke kan barneverntenesta oppretthalde tiltak til fyllte 23 år.
Lov om barnevernstenster (lovdata)
Melding til barneverntenesta.
Kven har meldeplikt?
Er du bekymra for eit barn eller ein ungdom skal du kontakte barnevernet. Barn og ungdom kan sjølv ta kontakt.
Du kan ringe, møte opp personleg,sende e-post eller brev.
Meldinga blir gått gjennom innan ei veke. Akutte saker vert avgjort straks. Barnevernet vil enten starte undersøking eller legge bort meldinga om det ikkje er grunnlag for vidare undersøking.
Meldeplikt for offentleg tilsette
Offentleg tilsette skal på eige initiativ, utan at teieplikta hindrar dei, gje opplysningar til barnevernstenesta:
- når det er grunn til å tru at eit barn blir eller vil bli mishandla, utsett for alvorlege manglar ved den daglege omsorga eller annan alvorleg omsorgssvikt
- når det er grunn til å tru at eit barn med ein livstrugande eller annan alvorleg sjukdom eller skade eller med særskilde hjelpebehov ikkje får dekt det særlege behovet sitt for undersøking, behandling eller opplæring
- når eit barn viser alvorlege åtferdsvanskar i form av alvorleg eller gjenteken kriminalitet, misbruk av rusmiddel eller ei anna form for normlaus åtferd
- år det er grunn til å tru at eit barn blir eller vil bli utnytta til menneskehandel
Vilkåra for å melde bekymring til barnevernstenesta utan samtykke er strenge. Dersom du er i tvil om vilkåra er innfridde, kan du drøfte saka anonymt med barnevernstenesta.
Melding til barnevernstenesta sender du på eige skjema. Last ned skjema her
Undersøking
Ei undersøking etter barnevernlova kan føre til at saka vert avslutta utan tiltak, at det vert sett i verk hjelpetiltak eller at det vert fremja sak for fylkesnemnda om tvangstiltak. Dersom barnevernstenesta fremjar sak for fylkesnemnda, vil partane i saka ha krav på fri rettshjelp.
Hjelpetiltak
Barneverntenesta vurderar kva tiltak som er aktuelt å tilby familiar. Barneverntenesta er pliktig å fylgje opp og evaluere alle tiltak. Alle saker skal ha ein tiltaksplan.
Sjå retningslinjer om hjelpetiltak
Hjelpetiltak, informasjon frå Bufdir
Fylkesnemndene
Søknad
Familiar eller barn / unge kan sjølv søke om tiltak. Det er ikkje krav til skriftleg søknad. Ta kontakt på telefon eller e-post.
Fosterheim
Sjå fosterheimstenesta i Sogn og Fjordane
Barnevernsvakt
Gloppen kommune har felles akuttvakt med Stryn kommune og Stad kommune. Dette er ei bakvakt du kan kontakte utanom kontortid dersom du meiner at eit barn er i ein akuttsituasjon som krev øyeblikkeleg tiltak frå barnevernstenesta.
Akuttberedskap: tlf. 45 97 62 06.
Barnevernsvakten.no
Kontaktinformasjon
Ynskjer du meir informasjon om barneverntenesta i Gloppen eller treng å drøfte ei sak kan du ta kontakt med leiar Gerd Ynnesdal på telefon 977 77 389 eller e-post gerd.ynnesdal@gloppen.kommune.no
Servicetorget 57 88 38 00