Følgjekort

Ordninga med følgjekort er for menneske med nedsett funksjonsevne som har behov for følgje eller assistanse for å gå for eksempel på kino, idrettsarrangement, teater, konsert, i symjehall eller å reise kollektivt. 

Ordninga skal vere eit verkemiddel for å førebyggje isolasjon og dermed medverke til å auke livskvaliteten.

Følgjekortet fungerer slik at følgjeperson slepp betale avgift/billettar på arrangement i regi av, eller med støtte frå, Gloppen kommune. Kortholdaren vel sjølv kven som skal vere ledsager/følgje. 

Kven kan søkje?

Menneske med nedsett funksjonsevne og vedvarande behov for følgje eller assistanse for å delta i aktivitetar i samfunnet. 

Slik søker du

Digital søknad, logg inn med ID-porten

Kven behandlar søknaden?

Servicetorget behandlar/administrerer ordninga – det vert innhenta uttale frå saksbehandlar i helse- og velferd.

Passfoto

Dersom du får positivt svar på søknaden din skal det lagast eit følgekort med bilete av deg som bevis for at du er godkjend som brukar.  Vi tek kontakt og etterspør passfoto om behov. Dette må sendast/leverast til servicetorget på heradshuset. 

Kvar gjeld kortet?

Følgjekortet skal gjelde i heile landet der arrangørar, transportselskap eller instutisjonar som krev inngangspengar har akseptert ordninga. Fordi kortet ikkje er akseptert alle stadar, må du sjølv ofte undersøke om kortet vert akseptert på den aktuelle staden.

I Gloppen kommune gjeld følgjekortet alle arrangement i Kulturhuset Trivselshagen Bad og Idrett, samt arrangement der arrangør har motteke stønad frå Gloppen kommune (kulturmidlar/arrangementstøtte).

Gloppen kommune innførte ordninga etter vedtak i kommunestyret 27.09.2004

Kommunale retningslinjer for følgjekort

Les om retningslinjer for følgjekort.

Vil du vite meir?

Følgjekort ordninga er administrert frå servicetorget på heradshuset, tlf 57 88 38 00.