Tomtetildeling

Gloppen kommune prøver å legge til rette for bustadbygging og busetting i alle delar av kommunen. Ledige tomter er naturlegvis eit sentralt spørsmål i denne samanheng.

Prisane på kommunale tomter blir justerte kvart år frå 1. januar. Indeksen som blir brukt er konsumprisindeksen frå september året før.

For kommunale tomter i Gloppen er avgiftsgrunnlaget identisk med salsprisen fordi tomtene blir selt utan forteneste. Når skøytet skal tinglysast av Statens kartverk må du betale 2,5 % dokumentavgift av avgiftsgrunnlaget pluss kr 525,- i tinglysingsgebyr.

Interessert? Ta kontakt med
næringssjefen - telefon 480 40 825.