Valborgkleiva

Bustadfelt, august 2017 - Klikk for stort bilete Siv K Haugen

På Sandane er det ledige kommunale tomter i Valborgkleiva bustadfelt. Feltet ligg ved Kleivedammen, aust for E39, med fint utsyn over Sandane, Gloppefjorden og Sørstrandsfjella, og kort avstand til flott turterreng. Gangavstand til skule litt over ein kilometer, og til Sandane sentrum om lag 1.5 kilometer. 

I gamledelen av feltet (område A) står det att 4 tomter.

2. byggetrinn i Valborgkleiva bustadfelt (område C) omfattar i alt 20 tomter, Infrastruktur (veg, vatn, avløp og gatelys) vart klargjort i desember 2017, og det vil også seie at tomtene er byggeklare no. Planen er at  utbygginga skal vere heilt ferdig med asfaltering av vegane i månadsskiftet april/mai 2018.  

I tillegg vil kommunen i nær framtid også klargjere tomtene i område B.

 

Desse tomtene er ledige, prisjustert i 2017:

A1 ca 963 m2

kr 346.906,-

B2  ca 1001m2

 

A2 ca 893 m2

kr 320.384,-

B3  ca 828m2

 

A5   ca 847 m2

kr 304.471,-

B4  ca 818m2

 

A15 ca 975 m2

kr 350.089,-

B5  ca 840m2

 

A 24 ca 772 m2

kr 277.200,- C14 ca 881m2 kr 650 000,-

C3 ca 958 m2

kr 695 000,-

C16 ca 819 m2

kr 595 000,-

C5 ca 960 m2

kr 695 000,-

 

C11 ca 854 m2

kr 595 000,-

 

 

C12 ca 926 m2

kr 685 000,-

C18 ca 938 m2

kr 660 000,-

 

 

 


Det kan ligge att reservasjonar på nokre av desse tomtene, som vil bli endeleg avklara ved behov.

I tillegg til sjølve tomteprisen, kjem desse gebyra:

- tilkoplingsgebyr for vatn
- tilboblingsgebyr for avløp
- oppmåling
- tinglysing av målebrev
Desse prisane vert justert årleg, sjå oppdaterte prisar her

For kommunale tomter i Gloppen er avgiftsgrunnlaget ved utskriving av skøyte identisk med salsprisen, fordi tomtene blir selt til kostpris. Når skøytet skal tinglysast av Statens kartverk må du betale 2,5 % dokumentavgift av avgiftsgrunnlaget pluss kr 525,- i tinglysingsgebyr.

Interessert? Ta kontakt med næringssjefen - telefon 480 40 825.