Sande

Klikk for stort bilete

På sørsida av Gloppefjorden er det ledige kommunale tomter i bustadfeltet på Sande. Sjå oversikt over tomter. (PDF, 738 kB)
Feltet ligg ca 8 km frå Sandane i retning Hyen. Tomtene har flott utsikt mot Gloppefjorden og Sandane.

I tillegg til sjølve tomteprisen nedanfor, kjem desse gebyra:

- tilkoplingsgebyr for vatn
- tilboblingsgebyr for avløp
- oppmåling
- tinglysing av målebrev
Desse prisane vert justert årleg, sjå oppdaterte prisar her

Desse tomtene er ledige, prisjustert i 2019: 

- Nr 11, 1.160 m2, kr 95.927,-
- Nr 19, 1.071 m2, kr 95.927,-
- Nr 21, 1.259 m2, kr 68.041,-
- Nr 22, 1.507 m2, kr 70.144,-
 

Ved utskriving av skøyte på tomta, utgjer avgiftsgrunnlaget grunnprisen på tomta i tillegg til utgifter til veg, vatn og kloakk (jmf. Rundskriv nr. 12/2015 S frå Toll og Avgiftsdirektoratet).

For kommunale tomter i Gloppen er avgiftsgrunnlaget identisk med salsprisen fordi tomtene blir selt utan forteneste. Når skøytet skal tinglysast av Statens kartverk må du betale 2,5 % dokumentavgift av avgiftsgrunnlaget pluss kr 525,- i tinglysingsgebyr.

Interessert? Ta kontakt med næringssjefen - telefon 480 40 825.