Hovden

På Reed er det i dag ledige kommunale tomter i Hovden. Sjå oversikt over tomter. (PDF, 2 MB)

Bustadfeltet ligg ca 1 km frå Reed sentum (gangveg). Dette er utsiktstomtar med sol heile året. 

I tillegg til sjølve tomteprisen nedanfor, kjem desse gebyra:

- tilkoplingsgebyr for vatn
- tilboblingsgebyr for avløp
- oppmåling
- tinglysing av målebrev
Desse prisane vert justert årleg, sjå oppdaterte prisar her  

Denne tomta er ledig, prisjustert i 2019:

- Nr 50, ca 1.316 m2, kr 290.014,-.


Området merka "5 tomter ikkje utbygd" er ikkje klart til tildeling. Det same gjeld det private området med tre tomter. Kontaktperson for det private området er Kjetil Sårheim.

Ved utskriving av skøyte på tomta, utgjer avgiftsgrunnlaget grunnprisen på tomta i tillegg til utgifter til veg, vatn og kloakk (jmf. Rundskriv nr. 12/2015 S frå Toll og Avgiftsdirektoratet).

For kommunale tomter i Gloppen er avgiftsgrunnlaget identisk med salsprisen fordi tomtene blir selt utan forteneste. Når skøytet skal tinglysast av Statens kartverk må du betale 2,5 % dokumentavgift av avgiftsgrunnlaget pluss kr 525,- i tinglysingsgebyr.

Interessert? Ta kontakt med næringssjefen - telefon 480 40 825.