Bustadrådgjeving

Når ein person har behov for å tilrettelegge bustaden sin med kombinasjon av hjelpemiddel og ombygging kan ein ta kontakt med bustadrådgjevingsgruppa for å få råd og vegleiing.

Bustadrådgjevingsgruppa er ei tverrfagleg rådgjevningsgruppe for dei som treng å tilrettelegge bustaden sin i høve nybygg, ombygging, utredning i høve rampe, heis eller andre bygningsmessige endringar. Denne gruppa kan gje råd i høve universell utforming, spesiell  tilpassing,  tekniske løysingar og økonomisk vegleiing i høve  tilskuddordningar  og lån ein kan søkje gjennom Husbanken. I nokre saker har ein også samarbeid med NAV Hjelpemiddelsentralen. 

Den tverrfaglege rådgjevingsgruppa består av:

Bustadkonsulent, Ergoterapeut, Teknisk avd., Servicetorget og NAV.