Heim, skule og SFO

Føresettportalen i Vigilo skal sørge for enkel og digital kommunikasjon mellom heimen, skulen og SFO. 

Alle skulane i Gloppen kommune skal ta i bruk Vigilo. Den enkelte skule vil informere føresette om planlagt oppstart for bruk av løysinga. De får informasjon om Vigilo på foreldremøte og i informasjonsskriv i forkant av oppstart. For nærare informasjon, ta direkte kontakt med skulen din.
 

For deg som har barn i skulen of SFO vil følgjande informasjon og funksjonar etter kvart vere tilgjengeleg i portalen:

  • Meldingar 
  • Fråvær 
  • Timeplan skule 
  • Heil- og halvårsvurderingar
  • Orden og åtferd
  • Helsekort (allergiar) 
  • Samtykke 
  • Innstillingar

Som føresett i føresettportalen til Vigilo får du oversikt over løpande fråvær, samt heil- og halvårsvurderingar i form av samla karakterar og vurdering av orden og åtferd.

Vigilo erstattar ikkje Itslearning. Dette er eleven sitt system for kontakt med skulen, lærarane sine og medelevar. Itslearning skal framleis nyttast til innleveringar og vurderingar knytt til den enkelte elev. Denne løysingen blir også brukt til kommunikasjon mellom elev og lærar.

Føresette får ikkje tilgang til vurderingar av eleven sine enkeltinnleveringar og arbeid undervegs i skuleåret gjennom Vigilo.

Ved søknadar om permisjonar frå skulen skal gjerast som tidlegare, kontakt rektor for informasjon.