Redusert foreldrebetaling SFO

Ingen familiar skal betale meir enn seks prosent av den totale årsinntekta si for ein SFO-plass.
Frå hausten 2021 gjeld ordninga om redusert foreldrebetaling for SFO for 1.-4. trinn.
Born med særskilde behov i 5.-7. trinn har rett på gratis SFO

Under ser du kva hushaldninga si totale inntekt maksimalt kan vere for å kunne ha rett på ordninga om redusert foreldrebetaling.

Full plass: Kr 500.500,-
9 – 15 timar i veka: Kr 401.500,-
0 – 8 timar i veka: Kr 249.333,-

Slik søkjer du:

Før du skal søkje må du finne fram sjølvmelding for siste år. Denne skal leggast ved søknaden. Har du ikkje sjølvmelding kan du legge ved lønnslippar for dei to siste månadane.

Dersom du har skattepliktig kapital- eller personinntekt som ikkje står i sjølvmeldinga, må desse dokumenterast. Dette kan vere for eksempel renteinntekter, aksjeutbytte og leigeinntekter. Søknaden vil ikkje bli handsama før all dokumentasjon er sendt inn.

Søknadsfrist: 

For SFO-året 2021/2022 vil søknadar som kjem inn innan 1.oktober gjelde for heile SFO-året.
Søknadar som kjem inn etter 1. oktober vert handsama fortløpande etter kvart som dei kjem inn, og vedtak om redusert foreldrebetaling er gyldig frå den fyrste heile månaden etter at kommunen mottek søknaden.

Varighet:

Vedtak om redusert foreldrebetaling er gyldig frå den fyrste heile månaden etter at kommunen har motteke søknaden din, og er gyldig ut SFO-året. Du må difor søkje på nytt kvart år.

Definisjon på hushaldning: 

Ei hushaldning er ektefeller, registrerte partnarar eller sambuarar.
Sambuarar er to ugifte personar over 18 år som har felles born eller som har budd saman i eit ekteskapsliknande forhold i minst 12 av dei siste 18 månadane.

Har barnet skilde foreldre eller foreldre som ikkje bur i same husstand, og barnet bur like mykje hos begge foreldra, skal betalinga bli rekna ut frå inntekta til den som har same folkeregistrerte adresse som barnet.

Gå til søknadskjema her