Mobbeombod

Alle barn og unge har rett til eit trygt og godt barnehage- og skulemiljø.

Frå august 2018 er mobbeombodet i Sogn og Fjordane eit tilbod til alle barn og unge, og deira foreldre, som opplever å ikkje ha det bra i barnehagen eller på skulen

Mobbeombod Sogn og Fjordane - Klikk for stort bilete

Mobbeombodet skal bidra til at barn og unge får teke i vare rettane sine til eit godt barnehage- og skulemiljø.

Mobbeombodet i Sogn og Fjordane heiter Aina Drage. Ho rettleiar i saker som handlar om psykososialt miljø, barnet sine rettar og korleis du kan gå fram om du ikkje har det bra. Mobbeombodet har teieplikt.


Alle kan ta kontakt med mobbeombodet; på telefon 91 87 90 92 eller på e-post Aina.Drage@sfj.no

Du kan følgje ombodet på Facebook 


Du kan lese meir om ombodet og kva ho kan hjelpe deg med på www.sfj.no/mobbeombodet