10 bod mot mobbing

Opplæringslova set krav om nulltoleranse for mobbing. Dette skal barn og unge oppleve gjeld i Gloppen.

Vi skal snakke fint til kvarandre og omtale andre med respekt, både på nett og elles. Vi vil stå saman med foreldre og skulane i kampen for eit godt og trygt skulemiljø og for rike og rause livsmiljø i Gloppen. Vi må våge å bry oss, våge å seie i frå når nokon går over streken og støtte kvarandre!

Dei 10 boda mot mobbing er:

  1. Vi skal snakke fint om og til kvarandre
  2. Vi skal ikkje karakterisere kvarandre med ord knytt til hudfarge, religion, seksualitet, etnisk tilknyting
  3. Vi skal ikkje baksnakke kvarandre
  4. Vi skal ikkje bruke sosiale media til ukvemsord mot kvarandre
  5. Vi skal ha mobilfrie soner for barn og ungdom
  6. Vi skal vise respekt for kvarandre
  7. Vi skal vise omsorg for kvarandre
  8. Vi skal utøve stor toleranse mot kvarandre
  9. Vi skal tilgje kvarandre
  10. Vi skal ikkje bruke bannord mot kvarandre

 

Klikk for stort bilete