Barnehageplass i Gloppen kommune

Betaling for plass i kommunale barnehagar følgjer makssatsen som blir fastsett av staten.

I framlegget til statsbudsjett for 2022 er maksprisen føreslege endra slik frå 1. januar 2022.

Plass i barnehage, pris pr månad hausten 2022 (mva ikkje aktuelt)

- Heil plass: 5 dagar/veke kr 3 050,-  (3 315,-)
- 80% plass: 4 dagar/veke kr 2 605,- (2 830,-
- 60% plass: 3 dagar/veke kr 2 160,- (2 350,-)
- 50% plass: 2/3 dagar/veke kr 1 930,- (2 095,-)

Mjølk og frukt skal betalast etter sjølvkostprinsippet. Pris pr månad  (mva ikkje aktuelt)

- for heil plass: kr 315,- (300,-)
- for 80 % plass: kr 260,- (250,-)
- for 60 % plass: kr 200,- (190,-)
- for 50 % plass: kr 160,- (155,-)

Kjøp av enkelttimar: kr 85,- (80,-) per time.

For sein henting i barnehage blir fakturert med kr 70,- (65,-) per påbegynte kvarter når tilsette må stå utover ordinær arbeidstid. 

Felles for alle dei kommunale barnehagetilboda er: 

- juli er betalingsfri månad
- syskenmoderasjon:
-- 30 % for 2. barnet
-- 50 % for 3. barnet
-- 70 % for 4. barnet

Betalingsfristen er sett til den 20. i den månaden betalinga gjeld for.

Kommunedirektøren kan vurdere inndraging av barnehageplass ved forsøming av betaling. Det kan i spesielle tilfelle søkjast om friplass. Slik søknad skal sendast kommunedirektøren.