Rådmannen

Rådmann - Klikk for stort bilete Siv K Haugen Rådmannen i Gloppen er Jan Kåre Fure. Han har vore rådmann i kommunen sidan 1. mai 2014. 
Tlf: 476 21 981
E-post til rådmannen

Rådmannen er kommunen sin øvste administrative leiar. Alle tilsette i kommunen er underlagt rådmannen, og utfører arbeidet sitt etter fullmakt frå rådmannen.

Rådmannen er både rådmannen sjølv, og ein uttryksmåte på kommunen sin administrasjon.

Rådmannen sine oppgåver kan grovt sett delast i desse punkta:
- Personalforvaltning og organisering
- Økonomistyring
- Planlegging
- Saksbehandling og iverksetting av vedtak.

Sjå rådmannen sin instruks!

Det er rådmannen som er ansvaleg overfor alle folkevalde organ i kommunen, unnateke kontrollutvalet. Dette gjer t d at alle saker som blir lagde fram for folkevalde organ, blir lagde fram i rådmannen sitt namn. Og på si side kan folkevalde organ berre gje oppdrag og pålegg til rådmannen, ikkje direkte til andre kommunalt tilsette.

Mesteparten av rådmannen sine oppgåver og fullmakter blir utøvde gjennom sektor- og einingsleiarane.