Organisasjonskart

Hovudprinsippet i organisasjonskartet
Gloppen kommune er administrativt inndelt i to nivå under rådmannen: Nivå 1 er sektorleiarane og nivå 2 er einingsleiarane. Organisasjonssjefen har status som sektorleiar. Sektorleiarane er rådmenn for sine fagområde. Til saman utgjer rådmannen, sektorleiarane og personalsjefen rådmannen si leiargruppe.

Det er to typar «boksar» i organisasjonskartet: Boksar med heil strek rundt er ei organisatorisk eining, medan boksar med stipla linje anten er avdelingar eller funksjonar. Dei organisatoriske einingane har sjølvstendig ansvar for eigen økonomi, administrasjon og personell. Leiaren har eige budsjettansvar med tilhøyrande tilvisingsrett i økonomisystemet og er plassert i kap. 3.4.1 (sektorleiarane) og 3.4.2 (einingsleiarane) i hovudavtalen. Til saman utgjer sektorleiarane og einingsleiarane, pluss økonomisjefen kommunen sitt leiarforum.
 
Avdelingane og funksjonane i organisasjonskartet har som regel eigen fagansvarleg, men har ikkje sjølvstendig personal- eller økonomiansvar. Dette ansvaret litt til leiaren av eininga over.
Klikk for stort bilete