Kommunedirektøren

 

Anders Skipenes

Telefon: 48 16 71 12
E-post til kommunedirektøren

 

Ansvarsområde

Kommunedirektøren er kommunen sin øvste administrative leiar. Alle tilsette i kommunen er underlagt kommunedirektøren, og utfører arbeidet sitt etter fullmakt frå kommunedirektøren.

Kommunedirektøren er både kommunedirektøren sjølv, og ein uttryksmåte på kommunen sin administrasjon.

Kommunedirektøren sine oppgåver kan grovt sett delast i desse punkta:
- Personalforvaltning og organisering
- Økonomistyring
- Planlegging
- Saksbehandling og iverksetting av vedtak.

Kommunedirektøren sine fullmakter følgjer av kommunen sitt delegeringsreglement.

Det er kommunedirektøren som er ansvaleg overfor alle folkevalde organ i kommunen, unnateke kontrollutvalet. Dette gjer t.d. at alle saker som blir lagde fram for folkevalde organ, blir lagde fram i kommunedirektøren sitt namn. Og på si side kan folkevalde organ berre gje oppdrag og pålegg til kommunedirektøren, ikkje direkte til andre kommunalt tilsette.

Mesteparten av kommunedirektøren sine oppgåver og fullmakter blir utøvde gjennom sektor- og einingsleiarane. 

Stedfortredar 

Geir Liavåg Strand