Administrativ organisering

Gloppen kommune er administrativt organisert etter ein tre-nivå modell, med rådmann, ein "rådmann" for stab og støtte og fire sektorleiarar.

Det er altså fire sektorar i kommunen: Oppvekstsektoren, helse- og omsorgssektoren, teknisk sektor og kultur- og næringssektoren.

 

Det følgjer av kommunestyret sitt reglement (§ 2-3) at kommunestyret sjølv skal gjere vedtak som gjeld hovudlinjene i den administrative organiseringa. Organisasjonskartet er godtkjent av kommunestyret den 3. november 2014, i sak 73/14.

1.1 Hovudprinsippet i organisasjonskartet
Gloppen kommune er administrativt inndelt i to nivå under rådmannen: Nivå 1 er sektorleiarane og nivå 2 er einingsleiarane. Organisasjonssjefen har status som sektorleiar. Sektorleiarane er rådmenn for sine fagområde. Til saman utgjer rådmannen, sektorleiarane, personalsjefen og økonomisjefen rådmannen si leiargruppe.

Det er to typar «boksar» i organisasjonskartet: Boksar med heil strek rundt er ei organisatorisk eining, medan boksar med stipla linje anten er avdelingar eller funksjonar. Dei organisatoriske einingane har sjølvstendig ansvar for eigen økonomi, administrasjon og personell. Leiaren har eige budsjettansvar med tilhøyrande tilvisingsrett i økonomisystemet og er plassert i kap. 3.4.1 (sektorleiarane) og 3.4.2 (einingsleiarane) i hovudavtalen. Til saman utgjer sektorleiarane og einingsleiarane, pluss økonomisjefen kommunen sitt leiarforum.

Avdelingane og funksjonane i organisasjonskartet har som regel eigen fagansvarleg, men har ikkje sjølvstendig personal- eller økonomiansvar. Dette ansvaret litt til leiaren av eininga over.

2. Oppgåvefordeling og fullmakter
I kommunal forvaltning ligg alle oppgåver og all avgjerdsrett til kommunestyret viss ikkje anna er bestemt. Administrasjonen sine fullmakter er gjevne til rådmannen, og ikkje direkte til andre tilsette, slik § 23, 4. ledd i kommunelova føreset.

Korleis oppgåvene og fullmaktene er fordelte, går fram av delegeringsreglementet.

2.2 Rådmannen sine fullmakter
Rådmannen har ikkje lenger nokon instruks. Rådmannen sine oppgåver og fullmakter går fram av delegeringsreglementet. I tillegg kjem § 13-1 i ny kommunelov, som m.a. gjev rådmannen (kommunedirektøren i lovteksten) det løpande personalansvaret for den enkelte tilsette i kommunen.

2.3 Vidaredelegering av rådmannen sine fullmakter
Rådmannen sine fullmakter er i all hovudsak vidaredelegert til sektorleiarane.

Fullmaktene følgjer sektorane i kommunen, som no er: oppvekstsektoren, helse- og omsorgssektoren, teknisk sektor (som også inkluderer landbruksforvaltninga) og kultur- og næringssektoren. Lovverket som kvar sektor forvaltar følgjer av reglementet for hovudutvala i den politiske organiseringa av kommunen.

2.4 Delegering av budsjettansvar
Kommunen sitt rekneskap og budsjett er delt inn i sektorar, som følgjer den politiske organiseringa av kommunen. Inndelinga er slik:
- Hovudansvar 1, formannskapet (budsjettansvar 1000-1999)
- Hovudansvar 2, oppvekstutvalet (budsjettansvar 2000-2999)
- Hovudansvar 3, helse- og omsorgsutvalet (budsjettansvar 3000-3999)
- Hovudansvar 4 og 5, "MULTEK-utvalet" (budsjettansvar 4000-5999)

Den enkelte tenestemann/-kvinne sitt ansvarsnummer følgjer av kommunen sin kontoplan. Sektorleiarane har første budsjettansvaret på kvart hovudansvar (1000, 2000, 3000, 4000 og 5000).

2.5 Fullmakter til einingsleiarane
Med nokre få unntak har einingsleiarane rådmannen sine fullmakter for sine einingar. Unnataka er desse fullmaktene som ikkje er delegerte ut:

Generelt
-
Innkjøp og bestillingar knytt til datautstyr, telefoni, forsikring, annonsering og marknadsføring
- Oppgåver som servicetorget (v/organisasjonssjefen) har ansvaret for.

Spesielt
-
Tildeling av spesialpedagogiske tiltak i barnehagane.

Den enkelte einingsleiar sine fullmakter følgjer av kommunen sitt delegasjonsreglement. I tillegg har einingsleiarane eigne instruksar.