Opningstider - Gloppen legesenter

8.00 - 15.45 (1. september - 14. mai)
8.00 - 15.00 (15. mai - 31. august)
 

Når du treng legehjelp kontakt oss slik:

- 113 når det er akutt og står om liv
- Legevakt 116 117 når du treng legehjelp raskt, men det ikkje er akutt
- 57 88 44 40 for å ta kontakt med fastlegen din når du kan vente litt.

 

For andre tenester som tinging av time eller resept, svar på prøvar mm, er telefonen stengd mellom kl 12.30 og 13.30. Luka stenger også kl 12:30, men opnar igjen kl 13:00

I særskilde høve kan telefonen også vere stengd utanom denne tida. Det kan vere i ferietida, eller dersom uventa situasjonar som krev meir personale oppstår på legesenteret. Du vil då bil opplyst om dette på telefonsvararen.

Mellom 12.30 og 13.30, eller om telefonen skulle vere stengd til andre tider, vert du sett over til øyeblikkeleg hjelp etter meldinga og ved å taste 1.