Kvitveis - kommuneblomsteren til Gloppen

Etter opptakt frå Hageselskapet i Sogn og Fjordane i 2008 vart alle kommunane i fylket oppmoda til velje seg ein kommuneblomster.

Gloppen valde kvitveisen eller kvitsymra som vår blomster, og hageselskapet godkjende dette.

Arbeidsgruppa som gjorde framlegg om kvitveisen la vekt på at dette er den første blomsteren som kjem om våren og at vi alle har ei positiv haldning til kvitveisen.

Kvitveis i mai - Klikk for stort bileteKvitveis - eit sikkert vårteikn Siv K Haugen