Kommunevåpenet til Gloppen

Kommunestyre vedtok den 6. august 1986 at fjordhesten skulle vere motiv på kommunevåpenet til Gloppen. Våpenet vart godkjent i Kongeleg resolusjon den 17. desember 1986.

Våpenet er teikna av Petter Eide.

Spesifikasjonar
Kommunevåpenet til Gloppen er på blå grunn ein gåande sølvhest.

Kommuneflagget til Gloppen er på blå grunn ein gåande kvit hest.

På skjerm skal sølv vere gjengitt som kvit. Det er kun samband med trykk der ein kan nytte fargen sølv at denne skal brukast, i hovudregelen skal hesten vere kvit.

Fargereferanse:

Blå: Winsor & Newton nr. 065/  Pantone Process Blue C


Val av motiv
Den stolte hesten i våpenet er fjordhesten som har lange tradisjonar i Gloppen. Fjordhesten var den som tok dei tyngste taka i gardsarbeidet, og som no til dags er ein kjær hobby for mange, dette er naturlegvis årsaka til at nettopp fjordhesten vart valt som vårt motiv.

Mange har reagert på at hesten i kommunevåpenet går i passgang. Det er sjølvsagt ikkje slik ein fjordhest går. Årsaka til denne feilen er dei heraldiske reglane for utforming av våpen, som seier at dyr skal gå slik.

Sjå retningslinjene for bruk av våpen og flagg!

Klikk for stort bilete