Holvikejekta - Gloppen sitt kulturminne

I samband med kulturminneåret i 1997 plukka innbyggarane i Nordfjordkommunane ut sine kulturminne.

I Gloppen fall valet på Holvikejekta, som vart bygd på Sandane i 1881 av jektebyggar Jakob Apalset. Holvikejekta er den einaste store klinkbygde jekta som er att i verda.

Fram til 1906 vart ho brukt i Bergens-fart, med frakting av ved, material, tynneband og mykje meir. Den vart sett på land i 1906, og står på same staden i dag.

Nordfjordjektene var mykje større enn Sogne- og Sunnfjordjektene, og truleg er Holvikjekta den største av dei alle, med ei lengd på 20 meter, og ei breidd på 8,60 meter.

Båthistorisk sett er Holvikjekta ein nasjonalskatt på linje med vikingskipa på Bygdøy, og er såleis det største klenodiet Nordfjord Folkemuseum har. Med bakgrunn i dette vart det stelt i stand ein stor fest i 2006 for å markere at det var 125 år sidan ho var bygd, og 100 år sidan ho tok sin siste tur til Bergen.  Jektespelet, som er eit spesialskrive stykke om jektefarten til Bergen, vart framført fleire gonger i Frislidlada. Det var ei flott markering ved jekta med diverse underhaldning og servering av sild og poteter. Mange lag og organisasjonar deltok, og desse var med å skape ei fin ramme kring arrangementet.

Gloppen kommune ynskjer å legge forholda best mogleg til rette for jekta. I 2006 kjøpte kommunen den private tomta og huset som er næraste nabo til jekta, og starta ei omreguleringssak som hadde som mål å kombinere frilufts- og museale føremål på ein betre måte. Denne planen vart vedteken av kommunestyret i 2008, og kommunen vil i framtida ha fokus på gjere dette området attraktivt for folk flest, med Holvikjekta som hovudattraksjonen.

(Henta frå bladet Jul i Nordfjord 2009.)

 

Edvin-A Hugvik